Julekveld med Teskjekjerringa

Julekveld med Teskjekjerringa

Forestillinger

Henter programmet

Musikalsk juleforestilling for heile familien.

Teskjekjerringa elskar jula. Men om ho får det for travelt kan ho bli så lita som ei teskei! Korleis unngår ho at det skjer på sjølvaste julekvelden , når mannen er oppkava og må på juletrehogst, nabokjerringa spionerer i kjøkkenvindauget og ho sjølv skal bake, vaske og pynte til jul??

Teskjekjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre voksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for Teskjekjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. Prøysens jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fengjer både store og små!

Historia om Teskjekjerringa minner oss på at om ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel. - Og kanskje kjem julenissen?

Passar for heile familien.

Varer i ca 50 min

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 200,-
Gruppe (min 4 stk) kr 160,-/stk

Billettar i sal frå 1. september kl. 09.00.