Honnørkonsert

Honnørkonsert

Forestillinger

Henter programmet

Eit fleirstemt (fem kor) møte med nobelprisvinnarane Moser.

Vi er både stolte og glade over at "våre" kjære og vidgjetne nobelprisvinnarar May Britt Moser og Edvard Moser har takka ja til å kome til Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus. Dei verdskjende hjerneforskarane har eit svært tett program, med stadig aukande internasjonal etterspurnad. Det var såleis nesten uråd å finne ein laurdag der begge kunne kome. Men, etter nokre runder opna det seg for ein dato, og det vart laurdag 23. september på Sjøborg kulturhus.

Det dei sa ja til er: Eit storkor, med songarar frå Herøy, Hareid, Ulstein og Sunnmøre, om lag 150 i talet, som vil framføre songar frå Herøy, heimekommuna til May Britt, og frå Hareid, heimekommuna til Edvard Moser. I tillegg blir det andre korsongar med spesielle historier. Etter ønske frå Nobelprisvinnarane blir det også med ein spesiell gjest som har gjort ei ekstra bragd ved å gå frå Stad til Galdhøpiggen for å samle inn store pengar til hjerneforskninga. Dette etter at mora døde av alzheimer. Namnet hans er Nils-Jarle Sætre.

Nobelprisvinnarane vil fortelje om sin lange og svært spennande veg frå dei første vitenskapelege funn og fram mot den høgste honnør og pris som tenkast kan; Nobelspris i medisin.

Kora som er med er Runde blandakor, Bergsøy blandakor, Hareid kammerkor, Con Moto og Sunnmøre Festivalkor. Overskotet av honnørkonserten går til Hjerneforskninga ved Kavli-instituttet.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 270,-