Julekonsert med Sølvguttene

Julekonsert med Sølvguttene

Forestillinger

Henter programmet

Det er ei stor glede å kunne ønskje velkomen til julekonsert med sjølvaste Sølvguttene på Sjøborg kulturhus, fredag 24.november.

Til denne konserten er det sjølve hovudkoret som står på scenen, med mellom 50 og 60 songarar. Hovudkoret er grunnlaget for Sølvguttene sin status, og er koret heile Norge kjenner frå juleprogram og konserter, med firestemt song frå dei unge sopranar, til herregruppa sine altar, tenorar og bassar.

Her vil du få oppleve våre alles kjende og kjære julesongar, i tillegg til anna flott korsong frå eit breitt samansett repertoar. Vi dristar oss til å garantere både gåsehud og julestemning!

Dirigentar: Fredrik Otterstad & Frikk Heide-Steen
Klaver: Otto Christian Odland

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).

Billettpris
Ordinær kr 395,-