Bernhoft

Bernhoft

Forestillinger

Henter programmet

–Avenue of Loveless Hearts

Jarle Bernhoft, ein gudbenåda gitarist, låtskrivar, artist, og usedvanlig likandes kar frå Nittedal er tilbake i Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus. Dei siste åra har publikum fått muligheita til å bli betre kjent med mannen bak musikken – og brillene – gjennom TV-suksessane «Hver gang vi møtes» og som mentor i årets The Voice.

Hausten 2023 er det klart for Bernhofts sjette studioalbum «Avenue of Loveless Hearts» og i den anledning tar han med seg bandet på tur for å spele både låtar frå det nye albumet saman med låter frå heile hans rikhaldige katalog. På denne turneen ønskjer Bernhoft å spele for eit sittande publikum og legge meir vekt på den akustiske og organiske i musikken. Vi gleder oss til eit gjenhøyr med ein av Norges aller fremste artistar!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).

Billettpris
Ordinær kr 490,-

Billettar i sal frå onsdag 24. mai kl. 09.00.