Konsert med Vamp

Forestillinger
Henter programmet
I godt og vel tre tiår har dei levert. Hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, myter og skrømt, ærligheit og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela.
Dei har oppnådd massevis av heider og ære, bl.a 5 Spellemannsprisar,Prøysenprisen og Medaasprisen. Dei har gitt ut 18 album og solgt over ein million plater.
Deira siste utgiving "Tiå det tar" fekk gjennomgåande strålande kritikkar og høge tenringkast frå anmeldarane og nokon meinte sågar at dette er Vamp si beste utgiving så langt.
Katalogen er full av kjente og kjære songar som dei ausar av på konsertane sine.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).
Billettpris
Ordinær kr 550,-