Pratagraf - humor, satire og musikalsk improvisasjon

Forestillinger
Henter programmet
Kva får du om du blandar set saman Are Kalvø, Espen Beranek Holm, gitarist Hedvig Mollestad, perkusjonist Ole Mofjell og Jon Balke til ei førestilling? Svaret er PRATAGRAF.
PRATAGRAF er ein kveld med humor, samtidssatire og improvisert, rytmisk musikk, og ikkje minnst ein leikeplass for det verbale og det musikalske. PRATAGRAF er eIn levende organisme, som heile tida veks, endrar seg, både i forhold til besetning, men også i forhold til tematikk og politisk aktualitet.Sceneoppsettet er enkelt: to forfattarar på kvar sin barkrakk, musikarar i ein halvsirkel og magien som oppstår. Det varier mellom humoristisk og alvorstung lyrikk, det swingar, det groover, men mest av alt er det underfundig og slagkraftig.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Ordinær kr 395,-