Prøysen, Snekker Andersen og julenissen

Snekker Andersen

Forestillinger

Henter programmet

I år blir det ei merkleg og spennande julaftan for snekkar Andersen! På veg til vedskjulet for å ta på seg julenissedrakta kolliderer han med ein annan i julenissedrakt. Han seier han er julenissen, og kanskje dei skal bytte? Julenissen går til snekkar Andersen sine born og snekkar Andersen går til julenissen sine.

Men korleis er julenisseborn? Er dei veldig ulike frå vanlege born? Og kva i all verda skal dei få til jul? Snekkar Andersen tek oppdraget!

Velkomen til ei rotnorsk juleframsyning som, i tillegg til historia om Snekkar Andersen og julenissen, presenterer mange av Prøysen sine udødlege songar som «Romjulsdrøm», «Musevisa», «Julekveldsvisa». Vi garanterer at julestemninga vil legge seg som eit varmt og godt teppe rundt heile familien!

Og kven veit? Kanskje alle borna får treffe julenissen etter framsyninga?

Av og med Victoria Productions

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Born/voksen kr 250,-
Gruppe (min 4) kr 220,-/stk