Blåsemafiaen og Ulsteinvik skulekorps

Forestillinger
Henter programmet
Sjølv om musikantane i Ulsteinvik Skulekorps er i alderen 8-18 år, er korpset i seg sjølv ikkje nokon ungdom lenger. Ulsteinvik Skulekorps vart skipa i 1953 og fyller heile 70 år no i haust. Dette må sjølvsagt feirast, og 12. november inviterer korpset inn til storkonsert på Sjøborg Kulturhus, kl. 18.00.
- Ja, dette skal feirast med pomp og prakt, seier formann i Ulsteinvik Skulekorps, Are Garshol. – Og vi er veldig glade for at sjølvaste Blåsemafian tek turen til Ulsteinvik denne dagen. Saman skal vi lage tidenes korpsbursdagsfest.
Blåsemafian består av Jørgen Lund Karlsen på saksofon, Sigurd Evensen på trombone og Stig Espen Hundsnes på trompet. Instrumentaltrioen starta karriera si som andre skulekorpsborn, og etablerte Blåsemafian i 2016. Sidan då har dei gjort seg til kjenne både nasjonalt og internasjonalt. Kanskje aller mest er dei kjent for pallplasseringa i Melodi Grand Prix i 2021.

Dei seinare åra har Blåsemafian fylt både Vulkan Arena, Parkteateret, og vore populær headliner under Moldejazz i tre år. Mafian har i tillegg spelt saman med artistar som Marcus & Martinus, Madcon, Cezinando og Angelina Jordan. No er trioen aktuelle med debutalbumet, Anthology, som allereie har vore presentert på turnear i USA og Tyskland. Og no kjem dei altså til Ulsteinvik.
- Dette gler vi oss veldig til, fortset Garshol. – Blåsemafian er med på å gjere korps kult igjen, og slik inspirasjon er viktig påfyll når vi slit med rekrutteringa til Ulsteinvik skulekorps. Vi håper karane i trioen klarer å motivere både våre eigne musikantar og andre, og ser fram til å få besøk av andre skulekorps i regionen.
Jubileumskonserten vil bestå av fleire delar der skulekorpset og Blåsemafian vil stå for kvar sin del, og ein felles. Are Garshol lovar eit forrykande sceneshow, med både riff, drop, moves og god stemning.
Vi håper du vil feire jubileet saman med oss, og vi spanderer snille bursdagsprisar:
Korpsmusikantar i andre skulekorps inkl. aspirantar: 50kr
(Ta på korpsgensar/trøye om dokke har)
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettprisar
Born kr 50,-
Vaksne kr 200,-
Familie kr 400 (Pr husstand, inkluderar også billett til korpsmusikant, vel billettkategori familie og rett antall, så vil beløpet bli til saman kr 400,-)