Hellbillies – Leite etter lykka

Hellbillies

Forestillinger

Henter programmet

I 2020 markerte Hellbillies sine første 30 år med ein stor jubileumsturné, "30 år på vegen", der dei besøkte alle dei største kulturhusa i landet. Turnéen blei ein formidabel suksess og solgte ut over alt.

No er det på tide å fylgje opp suksessen med ein ny turné, og vi er veldig glad for at dei legg ein av sine konsertar til Ulstein Arena.

Turnéen har fått tittelen "Leite etter lykka", og startar i oktober 2024. Tanken bak er som førre gong - å kunne møte sitt trufaste publikum og sjå tilbake på åra som har gått. Kanskje også å kaste eit lite blikk framover ved å presentere nytt materiale, eller materiale som ikkje har blitt framført frå scena på mange år. I løpet av sine 33 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske songskatten, og dei har også opparbeida seg ein status som eit av vår tids mest vitale rockeband.

Denne konserten er for eit sittande og lyttande publikum, og bandet gler seg veldig til nok ein gong å kunne møte sitt publikum på denne måten.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 620,-

Fri aldersgrense. Ikkje alkoholservering.