Sunnmøre Strikkefestival: Leige av standplass

Forestillinger
Henter programmet
Det er med stor glede og entusiasme vi ønskjer velkomen til Sunnmøre Strikkefestival!
Festivalen skal vere på Quality Hotel i Ulsteinvik 8.-10. mars 2024, og vi opnar no for bestilling av plass på marknaden.
Prisar: 1500 kr (bord 120x50cm) og 2000 kr (bord 240x50cm)
Prisen for standleige inkluderer også helgepass for ein person. Dersom de vil vere fleire på standen, må de kjøpe helgepass utanom.
Vil du bestille overnatting på hotellet, får du rabatt ved å oppgje denne koden: BK-00406 - Strikkefestival
Rigging: fredag 15-17 og 21-22 eller laurdag fram til klokka 0930. Standen må vere betjent fram til stengetid både laurdag og søndag.
Dei som kjøper standleige, må sende ein e-post til elisabeth@hettestrikk.no med logo og bilde, og nokre få ord om seg sjølv- så blir dei presenterte i Sunnmøre Strikkefestival sine SoMe-kanalar.
Program:
Laurdag 9. mars 2024:
09.00-11.00: Registrering
10.00-17.00: Marknad, kurs og bruktmarknad
12.00: Visning av modellar
17.30: Foredrag med Robert Torrissen i Hardbarka Design
19.30: Festmiddag
22.00: Egil Olsen, konsert/underhaldning
Søndag 10. Mars 2024:
10.30- 15.00: Marknad
11.00: Foredrag med Julie Embrå i Embraknit
15.00: Afternoon Tea (NB! Ikkje inkludert i helgepasset)
Det blir program også ettermiddag/kveld fredag 8. mars. Billettane til dei arrangementa blir lagt ut seinare.
Også billettar til dag- og helgepass blir lagt ut seinare.
Vi tek atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).