Adam Douglas & Ulstein storband

Adam Douglas

Forestillinger

Henter programmet

Adam Douglas vaks opp i Oklahoma, USA. Det musikalske uttrykket hans er inspirert av soul, gospel, jazz og roots. Debuten som soloartist kom i 2015 med albumet «I May Never Learn», men det var likevel ikkje før han vann Stjernekamp på NRK i 2017 at han verkelig song seg inn i hjerta til det norske folk!

Som musikar er Adam Douglas den sjenerte fyren som blir et fyrverkeri på scenen. På denne konserten vil vi få høyre den store stemma saman med eit heiltent Ulstein storband, i tillegg til nokre solonummer med berre Adam og sin egen gitar.

Sjølv seier han at han trivast best med eit band som pustar han i nakken og aldri let han kvile. Helst vil han også ha med ei eiga blåserekke. Alt ligg med andre ord til rette for ein perfekt match mellom Adam Douglas og Ulstein storband, - vi gleder oss!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).

Billettpris
Ordinær kr 395,-