Rockegruppa Petra til Sjøborg!

Petra

Forestillinger

Henter programmet

Petra vart grunnlagt i 1972 og allereie på sitt andre album av totalt 23 album i si karriere gav dei ut den kjende «God gave rock and roll to you» som vart kjennemerke til bandet. Bandets leiar, gitarist og låtskrivar Bob Hartman har vore med frå starten av og står bak dei fleste av bandets songar. Petra har solgt meir enn 10 millionar plater og nominert til 13 Grammy Awards, som dei har vunne fire gongar. Petra, er rangert som eit av dei mest populære og innflytelsesrike banda innan kristen musikk. Namnet Petra er gresk og betyr stein eller klippe.

I 1987 var dei på Sunnmøre- der over tusen personar fekk oppleve dei i Sulahallen. Ein fantastisk konsert skreiv meldarane etterpå. No er dei tilbake i Norge og denne gongen på Sjøborg. Betre enn nokon gong.

Offisielt vart Petra oppløyst i 2005, men med fleire forespørslar om å gjere konsertar ønska Bob Hartman og samle Petra til ein jubileumsturne. Ein verdsturne som starta i 2022 og som fortsatt er i gong. Petra vil kun halde to konsertar i 2024, ein i Oslo og ein her på Sjøborg i Ulsteinvik.

Bandet lovar at dette blir en konsert der du vil få oppleve mange av deira mest kjente hits: Beat the system, More power to ya, The coloring song, Graverobber, Angel of light, og Not of this world for å nemne nokre få.

Bandet består av:
John Schlitt- vokal
Bob Hartman – gitar
John Lawry – keyboards
Greg Bailey – Bass
Christian Borneo – trommer

Petra besøkte Fredrikstad og Kvinesdal sommaren 2023 og spelte for fulle hus. Mange som gleda seg over å få bandet tilbake til Norge.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 495,-