Gratiskonsert: Atle Pettersen - norske favorittar

Forestillinger
Henter programmet
Vokalist Atle Pettersen, er klar for å sette sitt preg på Ulsteinvik denne sommaren. Laurdag 8. juni inviterer Sparebanken Møre i samarbeid med kulturavdelinga i Ulstein kommune, til GRATIS KONSERT med Atle Pettersen og hans musikarar på utescena ved Ulstein Arena.
Ein allsidig artist
Atle er kjent som ein av Norges mest allsidige artistar og programleiarar, med ei lang og innhaldsrik karriere bak seg. Du kjenner han kanskje best frå Beat for Beat på fredagskveldane, men du har sikkert også sett han i ei rekke andre produksjonar som NRK’s Sommeråpent, Idrettsgallaen og VG-lista Rådhusplassen.
Tilbake til Ulsteinvik
Det er ikkje første gongen Atle gjestar Ulsteinvik. Heilt tilbake i 2012 hadde han konsert på Sjøborg kulturhus saman med lokale ungdomar, og litt seinare kom han innom med NRK- Sommarbåten. No ser vi fram til å høyre han igjen med ein potpurri av sine norske favorittar.
Musikalsk Karriere
Pettersen har også gjort fleire musikalar og revyar, som blant andre hovudrolla i Singin’ in the Rain, Jersey Boys og Beatles. Han er også aktuell med eigen podcast, «En pappa i livet», der han med gjestar i studio snakkar om gleder og utfordringar i rolla som pappa.
Smak av Ulstein
Denne konserten vil for mange bli eitt av høgdepunkta under årets Smak av Ulstein. Vi kan glede oss til ein stemningsfull og musikalsk laurdag ettermiddag med kjente og kjære låtar! Dette vil du ikkje gå glipp av, så ta turen til utescena ved Ulstein Arena, og bli med på å feire norsk musikk med Atle Pettersen.
Billettar
Konserten er gratis, og de treng ikkje billett.
Arr. Kulturavdelinga i Ulstein kommune i samarbeid med Sparebanken Møre.