Silent Disco for ungdom

Forestillinger
Henter programmet
Ung Arena Ulstein gler seg over å invitere til gratis «silent disco» for ungdom frå 8.klasse til 17 år under årets Smak av Ulstein.
Dette skjer takka vere engasjerte ungdommar som har søkt og fått midlar frå Ungdom og Fritid.
- Vi hadde lyst til å prøve noko nytt, og vi har høyrt om fleire som har prøvd silent disco andre stader, som synest det var veldig gøy, fortel Trym Sævik, som stod som ansvarleg ungdom i søknaden frå Bell Ungdomsklubb.
Julia Szymanska og Astrid Eline Anderson er to av dei andre ungdommane som var med å skrive søknad, og under UKM i april fekk dei testa konseptet for første gong.
- Det er veldig gøy og vart godt mottatt av alle som var med. No gler vi oss til å prøve det igjen, og håpar det kjem mykje folk, samstemmer dei tre 10.klassingane.
Arrangementet er gratis, men du må likevel booke din billett via Sjøborg kulturhus sin nettside.
Kva er silent disco?
Stille diskotek, også kjent som «silent disco», er når besøkande høyrer på musikk gjennom trådlause høyreyelefonar i staden for musikk frå felles høgtalarar. Då kan ein høyre på musikk får ulike kanalar med ulike spelelister, sjangrar og DJ-ar. Under Smak av Ulstein blir det tre ulike kanalar.
Billettar
Arrangementet er gratis, men du må booke din billett via billettsystemet vårt. Sikre deg billett på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) eller i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).
Billettpris kr 0,-
Aldersgrense frå 8. klasse.