Kulturkafe med Odd Kåre Wiik

Forestillinger
Henter programmet
Det vert artige historier og godt humør når Odd Kåre Wiik gjestar biblioteket torsdag 8. juni klokka 13.
Odd Kåre er i dag pensjonist, men har vore tilsett ved det som tidlegare vart kalla teknisk etat i Ulstein kommune i over ein mannsalder. Sjølv er han gursking. Han er glad i korsong og skeiseløp og er også engasjert i det humoristiske «Arthurspelet» på Sandsøya der han har hatt rolla som den slagferdige trælen Skakk. Odd Kåre skapte dessutan overskrifter både lokalt og nasjonalt etter at han fann ein fastfrosen hoggorm på det islagde Simavatnet i Gursken i november i fjor.
Gratis inngong.