Storfest med Tico og Vassendgutane

Forestillinger
Henter programmet
Ulstein Event inviterer til storfest i Ulsteinvik si storstove - Ulstein Arena. Tico, ein av Noregs mest kjende trubadurar lagar fest før sjølvaste Vassendgutane entrar scena.
Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategorien kan vise til.
Allsongen "rungar" i store hallar og på dei store festivalane når bandet spelar. Stikkord er glede, party og eit band som verkleg inkluderer sitt publikum frå første strofe.
Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle uttrykket. Dei opptrer også 100 % live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt. Og sjølvsagt slagarane Ungkar Med Dobbelseng, Granada, Hjortejakt og Longt Inne I En Fjord.
Sal av mat og drikke i samband med konserten.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).
Billettpris
Ordinær kr 570,-
VIP-pass kr 995,- *
Arrangementet har 18 års aldersgrense, både med ordinære billettar og VIP-pass. Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Dørene opnar kl. 20.30. Arrangementet varer til kl. 01.00.
* Kjøper du VIP-pass får du tilgong til eit eige VIP-område heile konserten.
VIP-området er ope frå kl. 20.00-01.00. VIP-passet gir deg fri mat (hamburger, pizza etc), tre drikkebongar, gode sitteplassar på platå med bord eller i tribunedelen i Ulstein Arena, med tilogn til salen frå VIP.
Det er også toalett og bar/matområde i VIP-delen. Det er 200 VIP-pass tilgjengeleg.
