Lisa Loves ABBA

Bildemontasje, Lisa Loves ABBA

Forestillinger

Henter programmet

Lisa Stokke – kjend for dei fleste frå «Mamma Mia» på London West End, ein av dei mest suksessrike musikalane i historia – ønsker velkomen til ein fantastisk ABBA-hyllest! Ho tek med seg bandet sitt og alle ABBAs store hits til Sjøborg kulturhus.

Denne kvelden får publikum høyre låtar som «The Winner Takes It All», «Dancing Queen», «Mamma Mia», «Fernando», «Gimme Gimme Gimme» og mange fleire av songane som betyr så mykje for oss alle. Stokke hadde stor suksess med denne førestillinga i fjor haust, og no legg ho ut på ein ny turnérunde som tek henne til Sjøborg.

«Lisa Loves ABBA» tek publikum med på ei reise gjennom Stokkes eigen oppvekst som lidenskapelig ABBA-fan. Gjennom sin heilt unike erfaring av å bli utvald og jobbe personlig med Björn Ulvaeus og Benny Andersson i ABBA-musikalen, skapar ho og bandet ein musikalsk fest-atmosfære som tek publikum tilbake til ABBA si storheitstid. Små anekdotar frå hennar opplevingar med ABBA vert servert gjennom konserten, og publikum vil bli reve med i et show som garantert vil gi varig inntrykk.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 500,-