Solo-konsert Birgitte Stærnes

Forestillinger
Henter programmet
På programmet står nokre av dei finaste verka av Bach, Paganini og Ysaÿe. Musikk som er vakker, stemningsfull og virtuos.
Birgitte Stærnes blei utnemnt til fylkeskunstnar i Viken i 2023. I den forbindelse legg ho ut på ein turné med eit solo-program for fiolin over ein litt større del av Noreg. Vi ser fram til ein stemningsfull konsert i Ulstein kyrkje.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00). Eventuelle restbillettar blir solgt i døra.
Billettpris kr 150,-
For elever på Ulstein kulturskule er konserten gratis.