Lanseringskonsert - Con Moto og Per Eide

Plakat til lanseringskonserten med bilde av ConMoto og Ulsteinvik i bakgrunnen.

Forestillinger

Henter programmet

Eit nært møte mellom stjernefotograf Per Eide og Con Moto.

Ein kveld med bilder, korsong og samtale.

Per - «Det beste bildet er ikkje tatt enno»

LANSERING - PREMIERE

Kvelden blir avslutta med premiere av den ferske musikkvideoen laga over «Song til Ulsteinvik»

Songen som vart kåra til den nest finaste bygdesong i Norge, gjennom NRK – Norgesglasset.

Initiativtakar Svein Eiksund opplyser at prosessen med å få til ein slik musikkvideo har teke fire år, og involvert mange aktørar, på mange ulike nivå. Sjølvsagt har Con Moto vore sentral under innspelinga, men også Ulstein mannskor, Mariann Vattøy, Ida Breivik, Susanne Eiksund og Vetle Nevstad har vore delaktige utøvarar. Nyarrangement står Kjetil Eiksund for, og musikkinnspelingane er gjort ved Ulstein barneskule og i Studio Volda og Ørsta.

Filminnspelinga er gjort av Per Eide, som har lagt ned eit stort arbeid med alle lokasjonane, og dei mange innspeligane som må til for ein slik produksjon. Han ønska sjølv å vere med på dette prosjektet, og det er initiativtakar svært takksam for. Per er også frå Ulsteinvik, slik tekstforfattar Helge Saunes var. Historia om han, og kameraten Johs. Bratseth, som begge budde i Ålesund, får vi høyre på Sjøborg denne kvelden, der også ein nær slektning av Helge Saunes er ventande.

Dette er ei gave til Ulsteinsamfunnet, som ei takk for at vi nettopp bur i den vakre bygdebyen, i det gode hjørnet av verda, og samstundes ein heider til dei som skapte denne fine bygdesongen - avsluttar Eiksund.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).

Billettpris kr 250,-