Operasjon Edderkopp - Detektivbyrå nr. 2

Forestillinger
Henter programmet
Ei heilt ny og interaktiv teaterforestilling for heile familien.
Jørn Lier Horst sine bøker om Detektivbyrå nr. 2 er ein av Noregs aller mest populære bokseriar for born og unge, med over 3 millionar solgte bøker sidan første utgivelse i 2013. Fleire av bøkene ligg konstant på utlånstoppen hos landets bibliotek.
Operasjon Edderkopp er skreve i samarbeid med Jørn Lier Horst og har urpremiere på Edderkoppen Scene i Oslo 22. februar 2025.
Publikum får sjølv velje kven som er den skuldige på kvar enkelt forestilling. Dette gjer at inga forestilling er lik og borna blir dratt med inn i historia på ein ny og spennande måte.
Det er ei bølge av innbrot i vesle, idylliske Elvestad. Det er heilt opplagt saker som passar for Detektivbyrå Nr. 2! Tirill og Oliver (og sjølvsagt super-sporhunden Åtto) er erfarne detektivar, sjølv om dei er unge. Dei har løyst mange mystiske, rare og spennande sakar før, og dei ordnar opp også no. Men sjølv om det ikkje er dei same tjuvane, så virkar det som om alle innbrota heng saman. Nesten som om nokon sit i bakgrunnen og trekk i trådane. Som ein Edderkopp...
Dette er så mystisk at Tirill og Oliver (og Åtto!) treng all den hjelpa dei kan få. Og kven er vel bedre til å hjelpe enn publikum i salen? Her får alle lov å vere med å løyse saka, og publikum kan sjølv velje ut den skuldige!
Som alltid når Tirill og Oliver (og Åtto!) set i gong, blir det fart og spenning, skurkejakt og mysterier, dumme skurkar og smarte skurkar, blindspor og masse godt detektivarbeid! Vi får også møte ein del av Elvestad sine innbyggarar, som Fru Surke, politibetent Torvaldsen, bestefar Franz og mange fleire. Kom og hjelp Tirill og Oliver (og Åtto!) du også!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).
Billettpris
Voksen kr 395,-
Born kr 360,-