Kongerekka med Are Sende Osen

Forestillinger
Henter programmet
Tysdag 15. oktober kl. 17.00 inviterer vi til ein «kongeleg ettermiddag» på Ulstein bibliotek – og håper du vil legge turen innom biblioteket (sjølv om det er «midt i middagstida»).
Are Sende Osen kjem til Ulstein bibliotek for å fortelje høgdepunkt frå suksesspodkasten "Kongerekka".
"Kongerekka" er historia om dei norske kongane. Den startar med Harald Hårfagre, som samla heile Norge til eit rike, på grunn av ei dame. Deretter går det – bokstavelig talt – slag i slag bortetter.
Dette er vår "Game of Thrones" frå verkelegheita!
For historia om dei gamle norske kongane har alt "Game of Thrones" har:
Intriger, sex, brodermord og store slag – berre ikkje heilt så mange drakar.
Are Sende Osen fortel uhøgtidleg, lett og underhaldande, men det han seier stemmer.
Vi nemner i fleng:
Du kan få høyre om kva konge som hadde dei vakraste leggene, og at Olav Trygvasson hadde skikkeleg draget på damene. Vi møter sterke kvinneskikkelsar, trolldom og magi. Du får høyre at Oslo sin grunnleggar, Harald Hardråde, var ein kronisk juksemakar, at Olav Kyrre var glad i å ta ein øl, og at Magnus Berrføtt underleg nok døde med støvlane på.
Kor klein kan julefeiringa bli når familien er samla for første gong etter at du kidnappa di eiga søster? Kvifor dreiv sjølvaste jomfru Maria og sladra om kongen sitt sexliv? Lukkast styresmaktene med strategien om å ha flest mogleg nærkontakter under Svartedauden? Kva konge starta korstog mot heilskjegg? Kva gjer ein konge når han får ein isbjørn som bursdagsgåve? Og kva konge avskaffa "Hunger Games"?
Arrangementet er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken og Ulstein bibliotek.
Gratis og ope for alle. Du treng ikkje billett, det er berre å møte opp.
Velkomne!
Ulstein bibliotek og Kulturavdelinga i Ulstein