Torn & Rose
Forestillinger
Henter programmet
Eit fengslande, morosamt og actionfylt familieeventyrKrise! Eventyrland har begynt å miste sin magi, og det er like før det blir snipp snapp snute for alle dei vidunderlege skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet.
For å vekke opp att folk sin kjærleik for eventyr inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!
Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland.
På vegen støyter dei på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt levande drake?
Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!
Pressen skriv:
Tekno-teater: Torn og Rose i en utvidet virkelighet. Det er utvilsomt en forestilling på barnas premisser, de er høykompetente på det visuelle, de kan sin gaming og er gode på å orientere seg visuelt. - Periskop.no
Ein veldig fin halvannan time med underhaldning for dei minste, og ikkje så reint få av dei vaksne. - Firda
Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt og kan opplevast i Møre og Romsdal våren 2025.
Torn & Rose har vunne følgjande:
- NPU-award 2023 (Norwegian Audience Research), Innovation category
- Nordic VR Awards, Vrinn Awards, XR Arts & Culture Award
- Nordic VR Awards, Vrinn Awards, Jury Award
- Laval Virtual, Consumer Experience and Entertainment Award
- XR Today, XR Awards 2024, Best XR Transformation Story
I tillegg er Torn & Rose no nominert til European XR Awards i katergorien Location Based Entertainment of the Year. Dette er Oscar-ekvivalenten I tech/XR-bransjen.
Varigheit ca. 70 minutter
Passar for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist Johann Prell
Lysdesigner Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Produsent Anders Nybø
Prosjektledar Glitch Studios Sami Hamid
Animatør Cenk Koksal
AR-utviklarar Onat Döker, Hasan Ulaş Sarikaya
Teknisk rådgjevar, ARShows Isaac Barel
Produksjonsrådgjevar, ARShows Sasha Kreindlin
I rollane Carina Furseth, Peder Lauvås og Johanna Mørck
Torn & Rose er ein samproduksjon mellom regionteatrane Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).
Billettane er unummererte. Publikum for utdelt AR-billettar i salen.
Billettpris
Ordinær kr 260,-
Gruppe (4 eller fleire) kr 200,-/stk