Sunnivakoret og Ytre Suløens Jassensemble
Forestillinger
Henter programmet
Sunnivakoret er endeleg tilbake i Ulsteinvik med ny nyttårskonsert i Sjøborg Kulturhus, som vanleg i tospann med Ytre Suløens Jassensemble. Denne gongen doblar vi og har gleda av å invitere eit lokalt kor, velkjente Con Moto under leiing av grand old dirigent Svein Eiksund.
Det er 12 år sidan koret hadde konsert her sist,januar 2013, like etter ei ekstra populær hending i Ulsteinvik og Hødd si historie, cupfinaleseier 2012. Slik også denne gongen, Hødd kan feire opprykk til det nivået dei har vore oftast, det nest høgste, og då er det berre naturleg med ein ny swingande konsert på nyåret med Sunnivakoret og Ytre Suløen!
Koret har fortsatt Per Oddvar «Prots» Hildre som dirigent. Still going strong, sjølv om han nærmar seg 75.
Dei siste åra har også koret sin eigen solist, Marita Bødal Nybakk, gjort suksess på desse konsertane, oftast i tospann med rutinerte og New Orleans-fødte Tricia Boutte, slik også denne gongen. Så då er det naturleg at det blir New Orleansrytmer på programmet..
Koret har nok slanka seg, men og fått tilvekst i fire nye, men rutinerte, koristar siste året, deriblant ein velkjend ulsteinvikar... Og vi håpar og trur kvaliteten i kor og ensemble fortsatt vil glede publikum.
Enkelte år har lokale gjestekor blitt invitert til desse konsertane, og kjekt er det såleis at Con Moto takka ja til å bli med på laget. Dei vil sjølvsagt ha si eiga avdeling i tillegg til fellesnummer med Sunnivakoret.
Gratulerer igjen til Hødd og velkomen til ein frisk korkulturell start på nyåret!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00).
Billettpris
Ordinær kr