En spurv & en diva

Forestillinger
Henter programmet
Edith Piaf og Marlen Dietrich
Med Britt-Synnøve Johansen og Eva Bjerga Haugen
Britt-Synnøve Johansen er tilbake med ei nyskriven førestilling om venninnene Edith Piaf og Marlene Dietrich. Med seg har ho Eva Bjerga Haugen til å spele og synge Piafs glamorøse venninne, samt dei eminente musikarane Svein Ragnar Myklebust (piano) og Theodor Barsnes Onarheim (kontrabass).
En spurv og en diva er en førestilling om levd liv, kjærleik og venskap - eit venskap mellom to artistar der føresetnadane er totalt forskjellige.
Den franske artisten Edith Piaf med kallenamnet «Spurven» – og den syngande filmstjerna og divaen Marlene Dietrich, var to verdskjente artistar sterkt knytta til tiden rundt 2. verdskrig. Piaf kom frå fattige kår i Paris, Dietrich frå overklassa i Berlin.
Piaf og Dietrich var to særs viktige artistar i si tid, som mange unge i dag ikkje har noko forhold til. Publikum møter de to artistane i garderoben, på scenen, i tenkte samtaler om- og med tilbakeblikk på livet dei ein gong levde. Songane vert framført vekselvis på norsk, tysk, fransk og engelsk.
Regi: Espen Hana
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 395,-