Dr. Bergland – på død og liv

Forestillinger
Henter programmet
Ventetida er over, Dr. Bergland er endelig klar med ny forestilling!
I løpet av dei siste åra har Jonas Kinge Bergland etablert seg som ein av dei største og mest populære komikarane i landet. Sidan brakdebuten "Dr. Bergland og den alternative medisin" i 2016 har han levert intelligent, kompromisslaus og etter eige utsagn "heilt brukbar" standup, for eit stadig større publikum og begeistra anmeldarar. Hans andre og tredje forestilling, "Dr. Bergland bryter taushetsplikten" og "Dr. Bergland uten grenser" solgte begge nærare 100.000 billetter og er bl.a. blant Latter i Oslos aller største suksessar nokon sinne.
Forventningane er derfor skyhøge når han no er klar med "Dr. Bergland på død og liv".
Dei siste åra har Jonas jobba som sjukehuslege og fått god anledning til å reflektere over livet, døden, alderdom og om det er noko høgare meining med alt dette. Sånt kan det bli stor humor av, iallfall med Dr. Bergland som avsendar.
Vi gler oss stort til å presentere eit nytt show med vår favorittlege hos oss!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Ordinær kr 515,-
Gruppe (min. 6 stk) kr 490,-/stk
Student kr 445,- (gyldig studentbevis må visast i døra)