Stillheten - Teatret Vårt

Forestillinger

Henter programmet

Ei reise i universet

Danseframsyninga tek utgangspunkt i fantasy- og sci-fi-sjangeren, og finn stad i ei imaginær verd. Her lev tre hybride vesen, ei skalkledd blanding av menneske og innsekt.

Framsyninga er ein fysisk, visuell og lydleg spekulasjon over korleis framtidsmenneske kanskje må innrette seg i møtet med ei verd i endring.

"Stillheten" gir ein leiken inngang til det store alvoret gjennom eit visuelt språk som grunnlag for refleksjon.

Passar for alle frå 10 år og oppover, frå 8 år saman med ein vaksen.

"Stillheten" er ein samproduksjon mellom Brageteateret og Fiksdal Dans Stiftelse

Idé og koreografi
Ingri Midgard Fiksdal

Scenografi og kostymedesign
Jennie Bringaker

Komponist
Camilla Vatne Barratt-Due

Videoanimasjon: Erlend Hogstad

Lysdesign
Phillip Isaksen

Dans og koreografi
Jon Filip Fahlstrøm, Trine Lise Moe og Panisara Wanlopbanhan 

Multitekniker
Rune Langaard

Foto og video
Antero Hein

Produksjon og distribusjon
Nicole Schuchardt

Produksjon og administrasjon
Eva Grainger

Produsert av
Fiksdal Dans Stiftelse og Brageteatret i samarbeid med Teatret Vårt

Støttet av: Kulturrådet og Kloden Teater

Takk til Bodhisattva Chattopadhay og CoFUTURES og Sivert Hjeltnes Hagtvet

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 300,-
Born kr 100,-