Nidarosdomens Guttekor og Sirène

Forestillinger
Henter programmet
Nidarosdomens Guttekor gjestar Sunnmøre! I lag med damekoret Siréne held dei konsert i Volda og Fosnavåg laurdag 26. april.
Som Noregs eldste gutekor syng dei regelmessig på gudstenester i Nidarosdomen. Men dei turnerer også over heile verda, og i utlandet er Nidarosdomens Guttekor høgt verdsett på grunn av den spesielle og reine klangen, som blir omtala som «The Nidaros Sound».
Koret sitt repertoar spenner vidt, frå gregoriansk song til store verk for kor, symfoniorkester og verdskjende solistar. Dirigent og kunstnarleg leiar er Thomas Berg-Juul.
Samarbeidet med det lokale damekoret Siréne frå Gursken skulle opprinneleg gå føre seg våren 2020, men blei stoppa av korona. Det er derfor ei stor ære både for Siréne og Sunnmøre at eitt av Europas leiande gutekor tok initiativ til å få realisert konsertsamarbeidet i 2025 i staden.
Damekoret Siréne fyller 30 år i 2025, og blei starta av Torgeir L. Hauge i 1995. Denne konserten er ein del av koret si jubileumsfeiring. Torgeir L. Hauge er framleis dirigent og kunstnarisk leiar. Koret sitt repertoar spenner frå underhaldningsmusikk til klassisk samtidsmusikk og eldre klassisk musikk.
Hjarteleg velkomne til ei stor musikalsk oppleving!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet) og i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider). Ledige billettar blir solgt i døra.
Billettpris
Voksen kr 395,-
Born (t.o.m. 12 år) kr 245,-
