Club Sjøborg - Ei musikalsk reise vestover

Forestillinger
Henter programmet
For deg som er glad i musikk med røter i folkemusikk, tradisjonsmusikk, blues og rock:
Laurdag 29. mars 2025 samlar vi røynde musikarar og dyktige solistar i Sjøborg kulturhus for ei musikalsk reise vestover.
For musikkinteresserte har påverkinga frå vest lenge vore vesentleg. Det vere seg Beatles eller Stones, gitartonane til meisteren den tida grafittien i London sa «Clapton is God» eller openberinga det var å høyre debutplata til Dire Straits på Laluna platebar. Låtar frå både Beatles og Knopfler er på reportoaret til Vestover.
Lenger vest, frå andre sida av Atlanterhavet har det kome jazz, blues, rock og folk m.m. Artistar som the Band, John Fogerty, Norah Jones, Sam Cooke, Alison Kraus og Steely Dan er mellom dei som har vore til inspirasjon og som du får høyre smakebitar frå på Sjøborg denne kvelden.
Det vert og eit eige folkemusikkinnslag ved Leiv Arne Nydal, Øystein Djupvik og Marie Austrheim Riise på hhv. fele, bass og piano. Marie har sitt daglege virke som kantor i Ørsta kyrkje, men folkemusikken har alltid stått henne svært nær. Leiv Arne er opphaveleg frå Volda, men busett på Hareid, har sine røter i Norsk folkemusikk og har vore spelemann i A-klassen sidan landskappleoken i Oslo i 1981. Saman vil dei gi oss både bruremarsj og valsar.
Vestover har og knytt til seg eit knippe dyktige gjestevokalistar denne kvelden - dei er:
Eileen Hareide Brandal
Arnhild Bjerkvik
Aurora Bjerkvik
Julianne Vik
Musikken blir svært variert denne kvelden, med både norsk folkemusikk, skotsk og irsk musikk, og kjende americana-låtar frå fleire ulike tiår.
Vestover er eit nytt band vil kompe solistane, og ha eigne innslag:
Ronny Jakobsen, trommer og kor
Øyvin Sønnesyn, tangentinstrument og kor
Øystein Djupvik, bass
Leiv Arne Nydal, fiolin
Ståle Rasmussen, gitarar og song
Salen er rigga som Club Sjøborg-konsept. Det vil seie flatt golv og småbord, med høve til å kjøpe seg forfriskningar.
Det er fritt seteval. For reservasjon av bord,kan de sende e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Ordinær kr 295,-