Pippi feirer jul

Forestillinger
Henter programmet
Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusemynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller ganske enkelt Pippi, er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feire jula aleine?
Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Men Pippi vil ikkje på noko barneheim. Ho føler seg slett ikkje einsam. Ho har jo både Herr Nilsson, apen sin, og Lille Gubben, hesten, og sannelig har det ikkje flytta inn ein ny liten venn i veggen hennar. Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøve å stjele litt julepengar og det er alltid morsomt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må jo feire jula heime, men dei vil gjerne vere saman med Pippi også. Kanskje dei har ein plan?
Ein ting er sikkert: Det skjer både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feirer jul!
Regi: Bjørn Sæter
Scenografi: Per Olav Austdahl
Kostymer: Marianne Forsberg
Musikalsk arr: Arve Furset/Marius Podolski
Produsent: Victoria Productions AS
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Voksen/born kr 270,-
Billett rad 10-19 kr 220,- *
Gruppe (min 4) kr 220,-/stk
* Ynskjer du billett på rad 10-19 vil prisen oppdatere seg når du vel seteplassering på setekartet.