Psykolog med sovepose

Forestillinger
Henter programmet
I høve Friluftslivets år 2025 har vi gleda å invitere til foredrag med Johanne Refseth, betre kjent som "Psykolog med sovepose".
Nokon mennesker er født som Lars Monsen eller Marit Bjørgen. Dei står opp om morgonen og tenker: "Dette skal eg gjere." Så gjer dei det. Så er det oss andre: Vi som står opp om morgonen og tenker "Dette skal eg gjere" for deretter å gjere noko heilt anna. Det er vi som drøymer og ønsker, men som på underlig vis og på alle mulige måtar ender med å gjere noko heilt anna.
Vi utset, uroar oss, lèt vere å planleggje, unngår å finne løysingar på problem, og på slutten av dagen sit vi i sofaen og skrollar medan vi drøymer om noko heilt anna.
Og den draumen kan vere kva som helst: det kan vere å våge å snakke til damer, å faktisk kose seg på ei scene, søkje den jobben du har lyst på, dra åleine på byen – eller kanskje det er å tørre å fortelje dei vaksne ungane dine at dei får fikse julemiddagen sjølve i år, for du skal til Svalbard og sjå nordlyset du drøymde om då du var fjorten. Dette er handboka for alle eventyrarar, fanga i kroppen til Ludvig frå Flåklypa.
Dette er foredraget om kvifor, korleis og kva du skal gjere for å få gjennomført det du drøymer om. Johanne Refseth er psykolog, som så ofte ho kan, er ute på tur. Med Instagram-kontoen «Psykolog med sovepose» har ho opparbeidd seg ein stor og ivrig følgjarskare. "Tøffere enn du tror" er hennar andre bok.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris 295,-