Ulstein Storband – Jubileumskonsert, litt på etterskot…

Forestillinger
Henter programmet
Ulstein Storband (USB) er eit av storbanda i Norge som har lengst samanhengande fartstid. Bandet vart starta i 1982 av Tor Ulstein og er dermed over 40 år gammalt. Av diverse årsaker har det ikkje passa med ein jubileumskonsert før no.
Repertoaret har vi "oldisane" i USB overlate til dei yngre kreftene i bandet. Det blir likevel gjensyn med fleire av våre gamle "signaturlåtar", i tillegg til mange av dagens nyare storbandlåtar.
Tidlegare konsertar har vi hatt besøk av solister som Kåre Conradi, Elisabeth Andreasen, Tor Endresen, Adam Douglas, medan vi denne har satsa på spennande lokale krefter.
Solistar denne gongen er Bjørn Holum, Vegard Holum og (kjem). Vegard Holum er også storbandet sin dirigent for kvelden.
Vi gler oss til storbandkveld på Sjøborg!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris 375,-