Sommar-Quiz med Bernt Hulsker og Jamel Rake

Bilde av Bernt Hulsker og Jamel Rake

Forestillinger

Henter programmet

Gjer deg klar til quiz med Bernt Hulsker som quizmaster!

Saman med makker Jamel Rake kjem den tidlegare fotballprofilen til Ulsteinvik for å holde ein underholdande og variert quiz.

– Vi trur det vert frykteleg moro for folk, men samstundes er dette blodig alvor. Eg vil sterkt oppmode alle i og rundt Ulsteinvik om å stå over sommarferien for å studere norsk industrihistorie, internasjonal musikk og ikkje minst alt om The Great Barrier Reef. Dette kan også vere ei finte, meir vil eg ikkje seie, uttalar vestnesingen kryptisk.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 170,- pr pers.

Dørene opnar kl. 19.00. 18 års aldersgrense. Inntil 8 stk pr lag.