Ulsteindagane 2025: Fredagspass

Kollasj av Carina Dahl og Ylvis-brødrene

Forestillinger

Henter programmet

Fredag under Ulsteindagane byr på ein heilaften i Ulstein Arena. Denne kvelden kan du både oppleve Ylvis-brødrene med Ylvis-show og Carina Dahl med band. Ein billett for heile kvelden!

Pressefoto Ylvisbrødrene

Ylvis kjem til Ulsteinvik
Etter nokre år med låtar frå Sogn som har blitt partyslagarar, og gamle låtar har sendt dei til toppen av listene i USA og Japan, er det ei glede å igjen presentere Ylvis på 2025-plakaten. Fredag 15. august inviterer brørne til hitparade.

Som i suksess-serien "Ylvis i Sogn", tek Vegard og Bård Ylvisåker med seg veslebror Bjarte, samt eit rått lag med musikarar. Med låtar frå VGTV-serien sin og ei rekkje virale hits på menyen, har vi mykje å gle oss til når komikarane inviterer til fest. Det blir garantert attglimt av gamle slagarar som Stonehenge og Egeland, samt nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar. Og ingen bør bli overraska om det står både lunka mat og rev på menyen.

Pressefoto Carina Dahl

Carina Dahl frå Trondheim er ei energisk stå-på-jente med kronisk godt humør og beina trygt planta på jorda. Ho har lang fartstid i musikkbransjen og har dei siste åra vore den mest strøymde kvinnelege norskspråklege artisten. Carina har markert seg sterkt i festmusikk-sjangeren, og tok heim ein Spellemannpris i 2024 etter suksessen med sjølvskrivne låtar som mellom anna Best på fest, 5 shots og Har du lyst har du lov.

I tillegg til festlåtar har ho toppa listene med nydelege balladar som Da vi var to, og tolkingar av kjende låtar som Despacito, Shallow og Om du dro i frå mæ.

Ho er òg ein synleg TV-profil og tok heim ein solid 3. plass i jubileumssesongen av Stjernekamp i 2021, der ho viste seg å vere ein av dei mest allsidige artistane med stor truverd innan ulike sjangrar. Carina har òg synt allsidigheit og kome langt i andre TV-konsept som Kompani Lauritzen, Farmen og 71° nord, for å nemne nokre.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær (ståplass golv/scene) kr 765,-
Tribune (tribune sitteplass) kr 815,-
VIP Platå (sitteplass m/bord) kr 915,-

Dørene opnar kl. 19.30. 18 års aldersgrense.