Sommar-"Feel It"

Forestillinger
Henter programmet
Vi får spennande besøk av gjengen frå Feel It på Larsnes i Ulstein Arena denne laurdagskvelden!
Feel It er eit showkonsept som har eksistert på Larsnes i 13 år. Det årlege Dinnershowet har vorte svært populært, og har fått eit trufast publikum som kjem igjen år etter år.
No reiser orkesteret i showet på vitjing til Ulsteinvik, og gjer seg klar for ein heilaftan i Ulstein Arena.
Gjengen lovar variert repertoar med både høgt og lågt tempo - og litt for ein kvar smak. Med tre vokalistar, blåsrekke og fullt band er stemninga garantert. I tillegg kjem konferansier Harald og bitt saman kvelden med gode historier.
Berre å gle seg til show i Ulsteinvik!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris inkl. buffet med to varme rettar
Ordinær (sitteplass med bord golv/scene) kr 1010,-
VIP Platå (sitteplass m/bord) kr 1120,-
Dørene opnar kl. 19.00. 18 års aldersgrense.
Billettar som blir kjøpt samla, vert plassert i lag ved bordplassering.
Har du matallergi eller spørsmål? Send ein e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no, så vil vi formidle vidare til arrangør.