PubKor // Sjøborg

Plakat for PubKor.

Forestillinger

Henter programmet

Velkommen til PubKor – ein kveld fylt med song, latter og god stemning!

Har du lyst å prøve eit konsept som har teke både Noreg og utlandet med storm?

Fredag 6. juni inviterer Dei Sorte Enkene til «PubKor» på Sjøborg kulturhus! Her får publikum lære éin song i eit enkelt trestemt arrangement. Når alle kjenner at det sit, avsluttar vi med ei uhøgtideleg framføring – berre for oss som er til stades.

Kvelden blir leia av den dyktige songpedagogen Solveig Håvik, og Dei Sorte Enkene stiller som konferansierar og forsongarar. Med seg har dei Eli-Marita Håker Holm på piano. Dei vil òg by på nokre musikalske godbitar frå scena undervegs. Arrangementet er heilt uforpliktande og krev verken audition eller forkunnskapar – berre kom som du er, syng med den stemmen du har, og nyt fellesskapen.

Baren er open for den som vil halde stemmebanda smurde, og alle er hjarteleg velkomne!

Vi filmar "finalen" og legg den ut på våre sosiale medium, så alle kan få sjå kor kjekt dette er!

Salen er rigga med flatt golv, med høve til å kjøpe seg forfriskningar. Det er fritt seteval.

Dørene opnar kl. 19.00.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Early-bird fram til 5. mai kr 260,-
Ordinær kr 340,-