Sommarkonsert med Musikklaget Ulf & gjestar

Forestillinger
Henter programmet
Det blir både klangfullt og sommarleg når Musikklaget Ulf inviterer til storstilt korpskonsert på Sjøborg Kulturhus under Smak av Ulstein. Etter ein innhaldsrik sesong ser korpset fram til å runde av med ein musikalsk fest før dei tek ein velfortent sommarferie.
Konserten blir også eit møte mellom gode musikalske vener. Musikklaget Melshorn og Herøy Brass tek turen til Ulsteinvik for å vere med på konserten, og saman vil dei tre korpsa fylle Sjøborg med korpsmusikk og musikkglede til publikum.
Publikum kan sjå fram til eit allsidig program med alt frå klassiske korpsperler og marsjar, til rytmiske overraskingar og lette sommarfavorittar. Her blir det noko for ein kvar smak.
Korpskonserten blir ei fin avslutning på Smak av Ulstein– og eit perfekt avspark til sommaren. Vel møtt til Sjøborg 15. juni kl. 18.00
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Billettsal i døra før konserten.
Billettpris
Voksne kr 150,-
Born gratis.