Fermentert - Erlend Osnes

Forestillinger
Henter programmet
Erlend Osnes – frittalande, fryktlaus og full av historier
Erlend Osnes, busett i Bodø, er kjend som ein frittalande og uredd komikar – ein historieforteljar av rang. Med sin sjølvsikre stil og trygge, skarpe formidling, har han etablert seg som ein av dei mest kjende og elska komikarane i landet.
For tida er han på turné med sitt fjerde soloshow, «Fermentert», vi er glad for at han legg turen til Sjøborg i samband med Smak av Ulstein 2026.
Framsyninga på Sentrum Scene i Oslo 13. mars var heilt fullsett, og no blir det sett opp ekstraframsyningar på Hovudscenen på Latter i september. I tillegg kan storbyar som Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø – og ikkje minst Ulsteinvik – gle seg til å få besøk av denne slagkraftige komikaren.
«Fermentert» stadfestar Erlend Osnes som ein av Noregs beste historieforteljarar, med hysteriske skildringar frå eigen kvardag, eit skråblikk på tingenes tilstand – og mykje latter. Det er tidvis mørkt, tidvis på kanten, men alltid veldig morosamt.
Velkomen til eit standup-show du seint vil gløyme!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 450,-
Vinn hotellovernatting:
Kjøper du billett på nett før 1. januar 2026, er du med i trekninga av overnatting m/ frukost for to personar på Quality Hotel Ulstein.