Marit Larsen med band

Bilde av Marit Larsen med teksta Marit Larsen Live 2026

Forestillinger

Henter programmet

Marit Larsen, ein av Noregs mest markante låtskrivarar og artistar, kjem til Sjøborg kulturhus saman med fullt band denne våren.

Marit Larsen vart fyrst kjend som den eine halvdelen av popduoen M2M, før ho etablerte seg som soloartist.

Gjennom tjue år har ho bygd ein imponerande og tidlaus popkatalog, med suksess både i Noreg og internasjonalt, med låtar som «Don’t Save Me», «If A Song CouldGet Me You», «I Don’t Want to Talk About It» og «Under the Surface».

Denne vinteren er Marit å sjå som deltakar i TV 2 – suksessen Hver gang vi møtes, der ho delar musikalske augeblikk med nokre av Noregs største artistar. Publikum kan sjå fram til ein konsertoppleving med både nyare materiale og låtar frå hennar unike popkatalog.
– Eg gleda meg enormt til å møte publikum igjen. Opplevinga på "Hver gang vi møtes" var heilt spesiell og ein gylden moglegheit til å sjå tilbake på låtane som alt lever sitt eige liv, samtidig som eg har blikket hardt festa på vegen som ligg framfor meg. Ein veldig inspirerande tid!, seier Marit Larsen.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 490,-

Billettar i sal frå onsdag 22. oktober kl. 10.00.