TID – eit musikalsk møte

Bandbilde med Steinar Raknes og Saabye Christensen i front.

Forestillinger

Henter programmet

Når forfatterikonet Lars Saabye Christensen møter bassist, vokalist og låtskriver Steinar Raknes, oppstår ein lavmælt og lyttande miks av poesi, roots, americana og norsk visetradisjon. Med seg har dei eit band i toppklasse og eit felles blikk på det store temaet tid; reflektert, musikalsk og meiningsfullt.

Bandet er akustisk og består av Steinar Raknes bass og vokal, Knut Reiersrud gitar og munnspel, Andreas Utnem, trøorgel og Per Oddvar Johansen, trommer.

Lars Saabye Christensen – ein av Norges mest populære forfattarar i sin generasjon. Han har i fleire samanhengar samarbeida med musikarar, og er kjend for sine musikalske framføringar av eigne dikt.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 420,-