Dora Thorhallsdottir - Livet ass...

Showplakat for Dora Thorhallsdottir - Livet ass...

Forestillinger

Henter programmet

Livet ass er eit kritikarrost, morosamt og personleg show om Dora, som hamna i ei livskrise då mannen hennar fekk kreft i halsen. I denne krisa trong ho hjelp, så ho dykka ned i sitt indre beredskapslager av kunnskap – alt vi har blitt fore med gjennom livet – på jakt etter noko som kunne gjere det lettare å stå i alt saman.

Showet Livet ass handlar om alt ho fann der, alt tullet og fjaset vi har blitt utsette for: Kva lærte vi eigentleg av Tornerose, Snøhvit og dei andre eventyra? Eller barnesongane – kva er eigentleg bodskapen i Mikkel Rev? Og er det noko å hente frå timane med Rubiks kube eller moralen i Dirty Dancing? Kor vart det av opplæringa til sjølve livet?

Men showet handlar òg om korleis det eigentleg er å vere pårørande. Det alvorlege, skamfulle og vonde får òg plass i denne framsyninga – sjølv om det er standup. Kort fortalt: ei svært humoristisk framsyning, ispedd livserfaring om kva som skjer når du gir altfor mykje.

Dette er Dora sitt fjerde soloshow, som straks blei ein publikumssuksess med utselde kulturhus over heile landet. No kjem ho til oss søndag 12. april.

--

Salen er rigga som Club Sjøborg-konsept. Det vil seie flatt golv og småbord, med høve til å kjøpe seg forfriskningar.

Det er fritt seteval. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 470,-