Nyttårskonsert med Ulf, HDU og solistar

Forestillinger
Henter programmet
Laurdag 10.januar 2026 skal det igjen skje på Sjøborg Kulturhus, og denne gangen (også) tegnar det til å bli tidenes konsert! Vi er så heldige at vårt trufaste publikum er med oss kvart år, og dette arrangementet er difor svært sentralt som motivasjon og samlingspunkt for musikarar og publikum. Dette er vi klare for å gjenskape også i 2026!
Solistar
Vi set alltid lista svært høgt for solistar som skal opptre saman med korpsa våre på Nyttårskonserten, fordi vårt publikum forventar og fortjener det! I år er intet unntak, og igjen gjer vi ein vri med noko spennande og nytt der det blir skikkelig show. Denne gongen har vi nemleg klart å få med oss dei svært erfarne musikarane Heine Totland og Karianne Kjærnes!
Heine Totland
Heine Totland debuterte som soloartist med platen Tough Times For Gentlemen i 2005, og gjekk då rett inn på VG-lista Topp20. Dei siste åra har han blant anna vore aktuell med forestillinga Musikk e komme for å bli saman med Gisle Børge Styve. Som den allsidige artisten han er kan Heine skilte med hovedroller i store musikaler som: Mamma Mia!, Buddy Holly, Chess, Jesus Christ Superstar og ikkje minst Les Miserables. I 2010 deltok han dessutan i den norske finalen i Melodi Grand Prix med låta The Best of Me is You. Heine har også fleire gongar vore å sjå på NRKs Beat for Beat. Heine sitt eige 50’s Rock & Roll-band Heine Totlands Rock & Roll Circus, turnerer landet rundt og er ofte å sjå på større festivaler.
Karianne Kjærnes
Karianne Kjærnes har gått frå å vere ei av landets mest profilerte koristar, til no å skine i rampelyset som soloartist. Ho har i ei årrekke opptrådt i store TV-produksjonar som Beat for Beat, Allsang på Grensen, Hver gang vi møtes, Nobelkonserten – og har vore med heile seks gongar i den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest. Høgdepunktet kom i 2009 då ho, sammen med Alexander Rybak, gikk heilt til topps i Moskva med rekordhøg poengsum. Etter ei suksessrik koristkarriere i MGP-universet, valgte Karianne å rette blikket mot soloscena. Med ei imponerande merittliste frå revy og teater har hun gjort seg bemerka med show som kombinerer musikk og humor – til ståande applaus. I 2019 debuterte ho med sitt eige soloshow, Bare Karianne, på Verket Scene i Moss, og sidan har det gått slag i slag. Dei siste åra har ho turnert saman med Heine Totland og Roger Allan Ivin med humorshowet Heine Aleine - og to til.
Nyttårskonserten har vore ein suksess for korpsa gjennom snart 25 år, og har blitt ei attraktiv kulturell storhending i regionen vår. I år har vi med solistar som ikkje berre opptrer saman med korpset, men vil også stå for stor underhaldning på eiga hand undervegs i konserten! Vi gler oss stort, og håper du også gjer det. Ver raskt ute med å sikre deg billettar! God konsert!
Billettpris
Ordinær kr 450,-
Born kr 220,- (gjeld kl. 16.00)
Billett rad 10-19 kr 420,- *
* Ynskjer du billett på rad 10-19 vil prisen oppdatere seg når du vel seteplassering på setekartet.
Billettar i sal frå tysdag 18.11 kl. 10.00.