«Gitaristen fyller 70» - Rune Ertesvåg med gjestar

Forestillinger
Henter programmet
Rune Ertesvåg fyller 70 - og inviterer til konsert på Sjøborg med gjestar.
Ruben
Det legendariske Ålesundsbandet frå midten av 70-talet, av mange rekna som Sunnmøre si første «supergruppe». Med medlemer henta frå dei beste banda og heile tre vokalistar, var Ruben eit fyrtårn i regionens musikkscene. No er dei klare for å løfte taket på Sjøborg.
Überjam
Eit av dei mest kjende banda blant musikkinteresserte på Sunnmøre i dag. Überjam leverer funky, vestkystinspirert instrumentalmusikk med slappbass, bluesa gitar, tung Hammond og jazzdrivne trommer. Her er det berre å lene seg tilbake og la grooven ta over.
Ulstein Storband
Med spesialskrivne arrangement til nettopp denne konserten, henta frå prosjektet Blues Meets Jazz (Tysk Radio Storband & Robben Ford), blir dette eit høgdepunkt for alle som set pris på storband i toppform.
Vi lovar ein uhøgtideleg, energifylt og stemningsfull kveld – ein musikalsk fest verdig eit 70-årsjubileum. Kom og bli med når Rune inviterer til ei feiring fylt av spennande musikk, nostalgi og god musikk!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 300,-