Bakarbandet med gjestar

Forestillinger
Henter programmet
Bakarbandet er tilbake på Club Sjøborg etter den vellukka konserten i mars 2025. Fullt hus og gode tilbakemeldingar – vi håper på tilsvarande stemning i januar 2026.
Bakarbandet har no desse musikarane med:
- Leiv Arne Nydal, fiolin
- Ronny Jakobsen, trommer og song
- Øystein Djupvik, bass og song
- Øyvin Sønnesyn, tangentinstrument og song
- Ståle Rasmussen, gitar, mandolin og song
I tillegg får bandet denne kvelden hjelp av fleire andre songsolistar, mellom andre Arnhild Bjerkvik som med si vakre stemme aukar enno meir spennet i musikken.
Bakarbandet er inspirert av norsk og skotsk/irsk folkemusikk, men også blues og rock. Variasjonen er stor, mykje musikk frå 70- og 80-talet, men også nyare låtar.
Leiv Arne Nydal har ein eigen bolk med vakre tonar frå sin fiolin, i tillegg til andre solistinnslag frå kjende stemmer i regionen - kortreist og lokalt.
Det er fritt seteval. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Ordinær kr 295,-