Hanne Boel med band

Pressefoto av Hanne Boel

Forestillinger

Henter programmet

Hausten 2026 får vi på ny besøk av Hanne Boel på Sjøborg. Det er berre å gle seg!

Hanne Boel er i ein kontinuerleg kreativ prosess, og i desse dagar arbeider ho med nytt materiale som etter kvart skal bli til eit nytt album.

Hanne prøver ein velprøvd strategi frå tidlegare tider, der låtane og framføringa deira møter publikum live, og der stemninga og tilbakemeldingane vil vere med på å avgjere kva for låtar som gjer seg fortente til å kome med på hennar neste utgiving.

På konsertane i 2026 kan du derfor vente å høyre nye låtar, men òg kjende låtar som har bevist seg gjennom Hannes lange karriere.

Saman med bandet prøver ho alltid å vere nysgjerrig og nyskapande i møte med det eldre repertoaret sitt, men alltid med eit vakent auge for ikkje å øydeleggje ei god låt ved å endre for mykje når det ikkje kjennest rett.

«Eg føler at eg, saman med mitt noverande band, verkeleg er til stades i notida. Vi er nysgjerrige, speleglade, musikkelskande, og vi elskar eit godt groove som treff kroppen minst like mykje som hjartet og hjernen. Vi er nysgjerrige på notida, og samstundes begeistra for dei gamle dydene frå 80- og 90-talet.»

Velkomen til konsert!

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 620,-