Kristian Valen - Bare Visvas

Forestillinger
Henter programmet
Kristian Valen er endeleg tilbake med eit splitter nytt show!
Etter seks år på vegen med suksessen «Fartøy Valen seglar igjen», er seglasen over – og i oktober inviterer Valen til si sjette heilaftens framsyning: «Bare VisVas». Her opnar han dørene til ein stjernespekka artistgalla, der både norske og internasjonale kjendisar dukkar opp i Valen sitt velkjende univers. Stoltenberg, Brauten – og fleire av dei udødelege karakterane hans – gjer etterlengta gjensyn, denne gongen i heilt ny drakt.
Sidan gjennombrotet i 2003 har Kristian Valen etablert seg som ein av Noregs aller mest populære komikarar og imitatørar. Showa hans har fylt kulturhus over heile landet, TV-seriane er sett av millionar, og DVD-utgjevingane er selde i nærare ein halv million eksemplar. På dei tre siste turneane var over 90 % av framsyningane utselde – og éin av tre stader måtte setje opp ekstra show.
I «Bare VisVas» lovar Kristian Valen ein kveld fylt med musikalsk leik, publikumskjære figurar og nye overraskingar frå ein av Noregs aller fremste underhaldarar.
Gled deg til ein heilaften med Noregs beste imitatør – og ein stor dose herleg visvas!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).