Team Bachstad på turné

Foto av duoen i Team Bachstad med teksta Team Bachstad på turné og logoen til NRK.

Forestillinger

Henter programmet

Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 teke TV-sjåarane med på ei rekkje reiser verda rundt – alltid på utradisjonelt vis. Så langt har NRK1 sendt 11 sesongar.

I 2025 blei den 11. sesongen vist med svært høge sjåartal på NRK.no og mot slutten av året på NRK1. Til hausten legg Team Bachstad ut på nye eventyr før dei i slutten av november skal halde tre show i Møre og Romsdal!

Her får publikum høve til å oppleve Team Bachstad «live»! I samarbeid med NRK blir det invitert til talkshow der publikum blir med på ei halvannan time lang reise i levande live – med humor, filmklipp og historier som ikkje kom med i programma.

Duoen, som også står bak jule- og påskenøttene på NRK, kjem til Sjøborg i Ulsteinvik 28. november.

Dei 11 sesongane på NRK starta med ei reise i ein veteranbrannbil til Mongolia. I sesong to kryssa dei India på tvers i autorickshaw. Deretter venta ei kryssing av det søramerikanske kontinentet i ein godt brukt bruktbil.

I sesong fire la dei ut på tur frå sør til nord i Finland i to knøttsmå varemopeedar. Den femte sesongen blei tilbrakt i Indokina i ein utrangert Land Cruiser som Forsvaret skulle gi til Norsk Folkehjelp i Kambodsja.

I sesong seks drog dei austover. I ein 34 fots motorbåt skulle dei ferdast på elver frå St. Petersburg gjennom Russland, Kviterussland og Ukraina, over Svartehavet – med Istanbul som mål. Også i sesong sju forflytta dei seg på sjøen då dei vitja fleire øyar i Karibia.

Koronaen sette ein stoppar for utanlandsreiser i 2020 – løysinga blei då å reise Noreg på langs i ein elektrisk postbil. Den neste sesongen starta i Portugal og skulle ende i Vladivostok heilt aust i Russland – like etter avreise starta krigen i Ukraina, og reiseruta måtte brått endrast.

I jubileumssesongen kryssa dei Japan på langs. Den siste reisa deira gjekk gjennom det sørlege Afrika – på langs.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 480,-