Bjørn & Bjarte

Bjørn & Bjarte

Forestillinger

Henter programmet

Bjørn & Bjarte, den tøffe & den sarte

Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim på turné – latter, musikk og eit streif av nåde

To av Noregs mest folkekjære kunstnarar, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg saman for ein heilt spesiell turné. Med ein unik kombinasjon av varme, humor og musikalsk kvalitet inviterer dei publikum til ein kveld fylt med både latter, undring og ettertanke.

Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøyset og tulla saman i Radioresepsjonen, og Bjørn har gjesta Bjartes TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ein lettare småbrisen versjon av seg sjølv.

No foreiner dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles framsyning. Det skal vitsast og raljerast, men dei skal òg gjere eit forsøk på å reflektere over små og store spørsmål – undring er dei gode på. Begge har kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å kome til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode til å felle nådelause dommar over seg sjølve. Samstundes leitar dei etter nåden – etter nokon som kan tole dei slik dei er.

Publikum kan vente seg ei framsyning fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvåg sitt eminente band sørgjer for musikalsk tyngd, og Tjøstheim vil òg bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggjeleg og sjelsetjande, veit ingen. Men keisamt blir det definitivt ikkje – til det er framsyninga for kort.

– «Hausten 2025 spelte vi 38 framsyningar med "Bjørn & Bjarte, den tøffe og den sarte". No har vi hatt ein pause, men er snart klare for ein ny runde. Dette er noko av det kjekkaste eg har gjort i mi karriere. Å dele scene med Bjarte Tjøstheim er ei fryd. Eg gret og ler under kvar framsyning. No er eg superklar for å halde fram med dette òg ut 2026.»
— Bjørn Eidsvåg

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 615,-