Show De Vida

Forestillinger
Henter programmet
Kaia Rode med sin fantastiske stemme er tilbake på scenen i Ulsteinvik. Dette må berre oppleves live på Sjøborg.
Under Ulsteindagane inviterer Sjøborg til ein stemningsfull kveld med mat, musikk og sceneshow når Show De Vida kjem til Ulsteinvik.
Show De Vida er ei profesjonell showgruppe med høgt tempo, energi og musikalsk kvalitet. Med over 200 produksjonar kvart år har dei opptrådt på store arenaer som Oslo Spektrum, Globen og Telenor Arena. Dei har også medverka i TV-produksjonar som Stjernekamp, Skal vi danse og Gullfisken, og har stått på internasjonale scener i mellom anna Monaco, Italia, Frankrike og Spania.
No kjem dei til Ulsteinvik for å gi publikum ein smak av ekte showstemning under Ulsteindagane – ein smak av Ulstein.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Denne kvelden er salen todelt.
Nede er det rigga med runde bord og fritt seteval, med matservering i salen. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til info@ulsteineventas.no. 11 stk. pr. rundbord.
Frå rad 10 til 19 er det amfi med numererte plassar og middag med fritt seteval i Pir restaurant.
Billettprisar
Runde bord i salen inkl. middag kr 1395,-
Amfi (rad 10-19) inkl. middag i restaurant kr 1150,-
Arrangør: Ulstein Event og Quality Hotel Ulstein