Deilig er jorden

Plakatbilde til Deilig er jorden, med bilde av Kim Rysstad, Elisabeth Andreassen og Rein Alexander

Forestillinger

Henter programmet

I 2026 markerer Deilig er jorden sitt 10-årsjubileum – og inviterer igjen publikum til ein stemningsfull førjulskonsert i nokre av dei vakraste kyrkjene i landet.

Her får du oppleve kjende og kjære julesongar, vakre musikalske augeblikk og sterke vokalprestasjonar – formidla tett på publikum i ein atmosfære som gir rom for både ro, nærleik og ekte julestemning.

Rein Alexander har gjennom ei årrekkje skapt denne konserten som ei nær og personleg oppleving, der dei store juleklassikarane møter det meir ettertenksame og inderlege. Med seg i jubileumsåret har han Elisabeth Andreassen, ein av Noregs mest folkekjære artistar.

Ho har gjennom fleire tiår vore ei sentral stemme i norsk musikkliv. Nærværet og musikaliteten hennar gir konserten ei ekstra varme og nærleik, og ho har eit heilt spesielt grep om julemusikken som treff publikum på tvers av generasjonar. Med seg har dei også Kim Rysstad, som tilfører konserten ei vakker forankring i norsk tradisjon og folketone.

Med seg på scena har artistane eit samspelt og erfarent musikalsk lag, leia av kapellmeister og keyboardist Petter Anthon Næss. Gjennom mange år med julekonsertar har musikarane utvikla eit eige særpreg i samspelet, der erfaring, musikalitet og forståing for formatet gir rom for både det enkle og det storslåtte. Petter Anthon har sjølv vore ein sentral del av juleturnear heilt sidan byrjinga av 90-talet, og saman med Torbjørn Økland og Michael Caplin blir det skapt eit levande og nyansert lydbilete som løftar heilskapen og gir konserten ei eiga varme og identitet.

Saman blir det skapt eit uttrykk som er både nært og storslått – med rom for både gåsehud, ettertanke og den gode, gjenkjennelege julekjensla.

For mange har Deilig er jorden blitt ein fast del av førjulstida – ein tradisjon å vende tilbake til, år etter år.

Medverkande musikarar:
Kapellmeister og keyboardist: Petter Anthon Næss
Torbjørn Økland – gitarar og trompet
Michael Caplin – fele, perkusjon og øvrige instrument

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 645,-

Billettar i sal frå fredag 10. april kl. 12.00