Fotball-VM på Sjøborg - Irak-Noreg

Illustrasjonsbilde, VM-fest

Forestillinger

Henter programmet

Då er billettane for VM-festen i Ulsteinvik ute.

Til Noreg sine kampar sel vi «kamppakkar», medan alle andre kampar er etter førstemann til mølla-prinsippet.

Etter 28 års ventetid skal heile Noreg vekk frå sofakroken og ut for å oppleve Noreg og alle dei andre laga saman. I samarbeid mellom Quality Hotel Ulstein og Ulstein Event har vi gleda av å invitere til ein stor VM-fest frå 11. juni fram til finalen 19. juli på Sjøborg.

Vi dekorerer Sjøborg til Noreg sine kampar, skapar ein god atmosfære, har eigen fotballmeny med mat og drikke, musikk og stor stemning. På Sjøborg vert kampane viste på ein 54 m² stor skjerm, medan det i supporterrommet går kampar på to skjermar på 155 tommar.

Vi legg til rette for store bord og småbord, og lagar Club Sjøborg.
(Det blir ikkje amfi i Sjøborg.)

Alle andre kampar sender vi frå eit eige supporterrom med opptil 100 plassar gjennom heile meisterskapen.

Sluttspelet vil òg bli sendt frå Sjøborg eller supporterrommet (alt etter kva lag som spelar). Noreg sine kampar i sluttspelet vil gå i Sjøborg.

Merk:
Vi har avgrensa tal på plassar til kvar kamp, så vi anbefalar å kjøpe billettar NO!

28 års ventetid er over!

HEIA NOREG!

Kamp 1: Irak -Noreg onsdag 17.06 klokka 00.00
Pakke 1: T-skjorte, Skjerf, 2 bonger øl/vin og bordplass: 495,-
Pakke 2: T-skjorte, Skjerf, 24 bonger øl/vin og eget bord til 12 stk. 5.892,-
Pakke 3: T-skjorte, Skjerf, 2 mineralvann og bordplass: 350,-

Quality Hotel Ulstein tilbyr pakke med overnatting og billettar.
Meir informasjon på deira sider (ekstern link).

Sjå også

Kamp 2: Senegal-Noreg, tirsdag 23.06 kl. 02.00

Kamp 3: Frankrike – Norge, fredag 26.06 kl. 21.00